Grunnmur i ei ny tid
Redaktør Line Nagell Ylvisåker peikar på at Store Norske har stor makt i Longyearbyen. Korleis dei skal forvalte denne bør diskuterast opent.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
2026 blir det første året utan norsk gruvedrift på Svalbard.
Svalbardposten har følgt kolet frå kutt og heilt til industribyen Duisburg i
Tyskland. Båt for båt skal det siste kolet på Hotellneset skipast til
metallindustri i Europa.
Det var attraktivt å vera gruvearbeidar i Store Norske.
Lønene var gode, husleiga lav. Av unge på Svalbard toppar gruvebus skattelistene
for 2024, skriv me. Snart går yrket ut på dato i Longyearbyen. Kva skal Store
Norske vera no, og for kven?
Store Norske er eit instrument for staten, eigd av Nærings-
og fiskeridepartementet. Statens mål som eigar er mellom anna kostnadseffektiv forvaltning
og utvikling av bustader i Longyearbyen. For næringsbygg og anna verksemd er
statens mål høgst mogeleg avkastning over tid «innenfor bærekraftige rammer».
All verksemd i selskapet skal utøvast for å understøtte måla i svalbardpolitikken.
Store Norske sit med stort ansvar, men også stor makt i
Longyearbyen. Bustadmarknaden i byen er knalltøff. Store Norske leiger ut til private
firma. Slik har dei indirekte makt til å bestemme kven som får drive og bu her,
og kven som må dra, eller stue seg saman andre stader i byen. Kven får leige,
kven får ikkje og kvifor? Dette er informasjon som burde ligge ute. At
selskapet skal følge svalbardpolitiske mål, er ikkje svar godt nok.
Offentleglova har som formål å legge til rette for at
offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, «for slik å styrkje informasjons-
og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den
enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta.»
Store Norske er omfatta av offentleglova, men som statleg aksjeselskap har selskapet ikkje dei same krava til journalføring som offentlege organ. I praksis er det difor vanskeleg å få innsyn i verksemda.
Frå neste år er det også Store Norske som skal sikre trygg
energiforsyning, gjennom eigarskap i Svalbard Energi. Då vil det truleg bli
vanskelegare å få innsyn også der.
Lov om offentlege innkjøp gjeld ikkje fullt ut for Longyearbyen.
Manglande krav til openheit gjer det krevjande å sjå
selskapet i korta. Det er ikkje bra for samfunnet, og ikkje for Store Norske.
Styresmaktene bør gi føringar om meir openheit. Må Store
Norske i det heile vera eit AS? Og lova om offentlege innkjøp bør gjerast
gjeldande – før alle dei store prosjekta i byen startar opp.
Staten er eigar, den har det øverste ansvaret og utnemner
styremedlemmer i selskapet. Departementet bør ta ein større diskusjon på dette:
Kva kompetanse er viktigast for dei som sit i styret? Kva mål skal vera
viktigast? Å bygge eit sterkt familiesamfunn for Longyearbyen og Noreg, eller
at selskapet driv god butikk for seg sjølv?
Longyearbyen var lenge Store Norskes company town. Selskapet
har etter at byen vart privatisert, sørga for gode vilkår for sine tilsette og
støtte til idretts- og kulturliv. No får selskapet igjen større ansvar. Ikkje berre for eigne
tilsette, men for ein heil by. Ein by med julekonsertar og smånissar som turnar
i Svalbardhallen. Ein by med kring 2.500 innbyggjarar frå over 50 nasjonar som
går ut av 2025, året der me feira at Svalbard vart norsk, saman.
God jul og godt nytt (hundre)år!
Merknad:
I leiarartikkelen i papiravisa skreiv vi at Store Norske ikkje er omfatta av offentleglova. Selskapet er omfatta av offentleglova som heileigd statleg selskap, men lova gir vid adgang til unntak, og selskapet har ikkje dei same krava til journalføring som offentlege organ. Innsyn er difor vanskelegare i praksis.