Det Omara, ein revolusjonær diktar frå Jemen, skriv om i år 755, er openbert i dag. Det er Svalbard med sitt magiske aurora borealis, skriv artikkelforfattar Håkon Stang. Biletet viser nordlys over Adventdalen.

KRONIKK - OPPDAGINGA AV SVALBARD:

Velkomen til Rífar og Solsteinøya

Svalbard vert oppdaga av tusental turistar frå fleire land kvart einaste år. Men kven var fyrst?

Publisert

Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Svalbard norsk i berre hundre år? Berre hundre? Vi veit: Her vandra kjempeøgler rundt i eit tropisk miljø, det er berre så lenge sidan. Men her vandra óg tobeinte ikring for «berre» rundt tolv til femten hundre år sidan. Eg meiner menneskje. Kven då?

Kan du russisk og les media frå nabolandet i aust, vert du lett oppgitt og ikkje så lite sint på Putin-gjengen sin korrupsjon og plyndring av eige folk, nabofolket i Ukraina og det som heng saman med bandittismen deira. Eg ser rein lygn.

I såkalla vitskaplege artiklar las eg nett no, som i alle år, at Svalbard vart oppdaga av russarar. Sant nok, Svalbard vert oppdaga av tusental turistar frå fleire land kvart einaste år, så Argentina og Uruguay har no heilt sikkert óg oppdaga øygruppa her nordpå. At Thailand har gjort det, veit vi som går ut for å ete i Longyearbyen.

Men kven var fyrst her heilt lengst i nord?

Skodespel i kalifatets storbyar

Spesialfeltet mitt er arabiske, persiske, russiske, norrøne og latinske kjelder, altså språkarkeologi og historie. Det gjer meg ustyrteleg rik, berre ikkje i penger. Kalifatet frå 630-åra av, og især etter 750, var dåtida sitt USA og kjeldene er mange. 

Verket frå ein revolusjonær diktar frå Jemen, kjend som Omara, son av Zayd, låg lenge uoppdaga. Eg har no omsett det til engelsk. Omara tente mykje pengar som underhaldar for slitne arbeidsfolk på kveldar og helg. 

Håkon Stang er forsker i blant annet arabisk språk og russisk historie.

Han turnerte dei sentrale millionbyane som Baghdad og Samarra, og byar «berre» på storleik med dagens Oslo, som Kufa og Cairo i dette støtt ekspanderande verdsriket. Han ville gje moro til folket kvar fredag mot klingande sylv, sponsa av rike handelsfolk og herskarar.

Det han baud på, var eit snedig skodespel. Her gjer han narr av at vi nordpå visste å gå på is. Det gjorde norske veidemenn over alt der kvalross låg og sov på isen. Hovudpersonen i skodespelet, ein muslimsk versjon av Aleksander den store, vert kjefta på av ein engel som passer på Gud sin trone, ettersom helten har gått på isen over havet. Kva denne dumme helten utstyrt med to horn på hovudet berre ikkje heilt klarer å fatta.

Her fylgjer litt av dreieboka, lett tilpassa norsk. Bli med på ein gru- og komieventyrkveld i Guds By i år 755:

(…) Der står no denne digre engelen bøygt over eit grønt fjell som han held hardt inni handa si. Han med to horn på hovudet spør engelen: «Kvifor skalv du då du såg meg?».

«Eg trudde du var ein engel som var sendt til meg for å rydda vekk dette fjellet, for verda skal halda opp å finnast, og eg trudde at tida då alle skal stå opp frå dei daude var komen, så eg var livredd for det. Kor er no du komen ifrå, då?»

Han svara: «Eg kom meg inn i mørkret på dato då og då. Så eg driv og ferdast på inni det heilt til no, i eit paddeflatt landskap, heilt jamnt, utan å snuble i steinar eller klumpar av jord, ikkje har fjell dunka til meg heller, ja ikkje så mykje som eit tre. Ikkje ein einaste liten hump har eg funne eller ei einaste seinking. Ikkje har eg støytt på nokon eller høyrt ein einaste lyd. Eg har verkeleg drive på med å be i tjuge døger, for Han Gud har kveikt meg, og heile denne tida har eg korkje trøtna eller sove, korkje ete eller drukke, inntil eg ende opp hjå deg.»

Her er det at engelen seier til han: 

«O du avkom av Adam, frå du kom deg inn i mørkret, har du ikkje vandra på jorda. Du har berre trakka i veg på det sjuande og beiksvarte verdshavet, det som Gud den Høgaste har lagt under deg.» 

Men han med dei to horna på hovudet tvilte på det engelen hadde sagt, at «du har drive og vandra på verdshavet».

Helten med hornane på hovudet vandrar på det frosne verdshavet.

No seier engelen: 

«O du avkom av Adam, du har tvilt på kva eg seier, at du har vandra på havet, så du då i alle fall ville ha vore i vatnet heilt opp til kjaken din! Bed no Gud om å sjå vekk frå synden din, og pris endå meir Han som har brakt deg til denne staden der ikkje nokon har vore før du.» (…)

Det her skjer liksom på vintertid, når det er så mørkt at ein ikkje kan sjå noko – om ein då ikkje har lys eller, for veidefolk, ei lykt eller to med seg ut på isen til å lystre fisk og se kvalross med.

Det ligg rakt i nord. Så her kan vi seie at det er Svalbard-engelen han og vi møter.

Kamelguten vi aldri høyrer om

Dette spenningssdramaet byggjer på kunnskap frå heile Nordishavet som skildra av nordmenn sørpå – pensjonerte soldatar kalla «jarlane», som hadde tent keisaren i Konstantinopel. Mange nok av dei vart verande og dreiv handel og vertshus i blant anna Libanon, der ein kamelgut på seks år møtte nokre i år 576 og fekk eventyrlege innspel frå dei som han frå år 610 av arbeidde inn i kva han kalla islam. 

På eit vertshus vart han ven med ei norsk jente kalla Atal, og det vart, ifølge forskninga mi, grunnlaget for huri-kvinnene i paradiset, frå det norske ordet «hore», berre mykje vakrare teikna i Koranen.

For han vert til den Muhammad vi alle har høyrt om.

Omara naud óg godt av etnografi om og frå desse eks-jarlane. Altså dei vi kan kalle norske pensjonistar i Syden. Norske? Absolutt, og ikkje svenskar, danar, finnar, slavarar. Det heldt fram hundreår etter hundreår. Ein av dei siste i rekka av norske valdsmenn i keisaren sin teneste var Harald Hardråde rundt 1030, litlebror til Heilag-Olav som fall på Stiklestad.

Nordmannasogene sørpå som Omara nytta til skodespel-suksessen sin, gjekk óg ut på å overdriva kor høge vi var, at vi var dommedagsuhyrar 20 meter høge med farlege ungar utan tal og hoggtennar som på slangar, pluss at vi berre måtte ha kjøt frå havet, elles tok skjørbuk livet av oss.

Krafta av vinden er så stor der at aldri vert noko grønt eller blomstring, skriv Håkon Stang.

Enn Svalbard då? Rífar var namnet, takk!

Namn på øyane våre finn vi sjølvsagt ikkje på arabisk, berre ei rekke skildringar og kart av «Varanger-havet». For staden Varanger var godt kjent sørpå.

Mindre kjent i Noreg er at krigspensjonistane våre sørpå og arabarar frå Mekka handla saman, og den handelen endte, så vel historisk som geografisk, med perler heilt frå Maldivane funne i Lofoten. Med kvar perle fylgde soger, dei fekk opp verdet på perla. Men Svalbard?

Det ligg implisitt i Omara sin tekst over. For helten med horna på hovudet vandrar fyrst på det glatte, frosne verdshavet, så kjem han i land på ei diger øy som er himmelgrøn, men utan planter på. Det er berre denne engelen å sjå – pluss over han høgt på himmelkvelven fargerike slør som tilmed syner helten Gud sitt åsyn.

Det er openbert i dag: Det Omara skriv om, er Svalbard med sitt magiske aurora borealis.

530-tals tullepreik?

Eldste namn på den øygruppa vi no kallar Svalbard, er å finne på latin rundt 730 hjå ein som kallar seg Æthicus. Han var ein angelsaksisk prest og ein eventyrar som siterer sjøfolk frå det norske Båhuslen, då kalla Ránríki, eller beint fram «Ranarane sitt heimland», og handelen gjeng attende til 530-talet. 

Mykje er muntert moropreik, men der sanninga kjem fram.

Den eine øya kallar han Rifar, den andre Zhri-solid. Begge er ukjende, og krafta av vinden er så ovstor der at aldri vert noko på dei grønt eller får blomstre. For på ikkje noko vis kan ting mognast fram på grunn av kulda. Sola si varme er aldri kjent på den staden, med unnatak av ein ørliten gneist i juni eller i juli. Om no snøen og isen skulle smelte for ei stakka stund, så stivner det straks til og vert ikkje mjukt att seinare.

Difor seier denne filosofen at han sjølv har funne ovstore steinar av krystall på den staden. Når dei vert vunne ut og frakta til særlege områdar av kunnskapsrike sjøfolk, så vert dei kappa med ametyst eller diamant av kunstnarhand på slikt vis at det kjem fram fat eller drikkeskålar vidunderleg vakre.

Det er bergkrystall. Eller kanskje glass, kven veit? Sjømannen bak ordane vil ha opp prisen!

Det du las i dag, er faktisk ei ur-premiere, ikkje berre på norsk, men på europeisk av nokre forskingsfunn eg har hatt det enorme privilegiet å få gjere og no gjev vidare til verda for fyrste gong og då på Svalbard midt i Longyearbyen. 

Dei som vil, finn det i dei to avhandlingane mine som vart ferdige nett no.  «1001 Nye Netter – Qala Yasir», og  «Inn i det ville med islam».

Det her må vi tolke og så halde kjær.

«Om Gud så vil», og det ville hen jo, det takkar eg Gud for, på arabisk kalla «guden», eller altså Allah. Takk óg til Svalbardposten for å setje på prent denne livlina heilt attende til 500-talet. Og takk til deg som las.

Les og lær, hald Svalbardposten kjær. «Om Gud så vil».

Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne i mot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.

Powered by Labrador CMS