LEIAR:

Høg isbjørn-temperatur

Redaktør leiarfoto. Profilfoto. Lederfoto.
Publisert

I slutten av april tok det fyr i sosiale media. Fototuristar hadde sett Norsk Polarinstitutt bedøve isbjørn frå helikopter. Sjølve måtte dei halde seg minst 500 meter unna grunna det nye regelverket. 5. mai hadde 707 personar signert eit opprop for å «stoppe den internasjonale, grusamme trakasseringa av isbjørn på Svalbard for forskinga».

Det er bra med diskusjonar om korleis me skal forholde oss til dyr, om kva forsking som verkeleg er naudsynt. Det som ikkje er greitt er temperaturen på diskusjonane som ofte kjem. Isbjørn har blitt eit symboldyr, folk frå heile verda kastar seg inn i diskusjonane om korleis han skal forvaltast. Ofte utan kunnskap om dyret eller forvaltninga. Då isbjørnen kalla «Frost» døydde i 2023, fekk Svalbard­posten e-post med oppfordring om at me burde drikke oss ihel. Slikt skjer ikkje når me skriv om reinsdyr som døyr fordi dei set seg fast i menneskeleg skrot, eller rev som blir flådd etter fangst.

Ikkje lenge etter at Norsk Polarinstitutt hadde bedøva isbjørn, vart ein bamse i Pyramiden kuriosa. Videoar på sosiale medium viser at bjørnen fekk snuse på snøskutarar og utstyr utanfor hotellet. Heile forløpet kjenner eg ikkje, men på eit tidspunkt blir bjørnen forsøkt jaga. Det endar med at bjørnen spring etter mannen som kastar frå seg rifla og hoppar på ein snøskuter som er i gang. Hadde skuteren stoppa, kunne det ha gått skikkeleg gale. Videoen går viralt, norske media plukkar han opp. Trusten lagar ein SoMe-versjon der bjørnen får snakkebobler. 

Det er ikkje noko kult ved hendinga i Pyra­miden. Bjørnen jagar etter snøskuteren. Sikkerhets­sjef ved Unis, Fred Skancke Hansen, uttalte at han syns isbjørnens oppførsel er skremmande. Svalbardposten har tidlegare skrive om isbjørn som blir vande med menneske og ikkje lenger fryktar oss. Bjørnar må helst få vera i fred. Om dei kjem nær, må skremmast på ein slik måte at dei ikkje får lyst til å oppsøke menneske igjen. Dei må ikkje finne mat eller annan «belønning». Kva då med bjørnane som likevel ikkje er redde oss? «Frost» avla ungar som angreip menneske. Bør slike dyr tas ut før dei skadar menneske? Skal me takke oss sjølve? Er symbolstatusen for viktig? 

Isbjørnvideoane vart delte på plattformane til Mark Zuckerberg samstundes som båten «Launchpad» kom til Facebook-byen med stor F, Longyearbyen. Det er der private, statlege og offentlege fortel om hendingar og arrangement. Om ein dreg det langt, bidreg det til at gründaren kan flotte seg med yachtar og privatfly. 

Miljødemonstrantar ville møte båten i havn, men den vart liggande på fjorden. Ferda til og frå Azorene til Nord-Noreg og Svalbard tilsvarar utsleppa til 1.400 nordmenn i året, sa Franziska Hasenburg i Arctic Climate Action Svalbard. Dagen etter lå skipet National Geographic til kai. Den vart møtt med mandskorsong. 

Longyearbyen-samfunnet er fullt av paradoks – spesielt i høve miljø og klima. Me må likevel gjere det me kan for å ta vare på naturen. Alle små og store grep for å bremse temperaturstiging og hindre miljøgifter er viktige. Til saman kan det bety mykje. Slik hjelper me framtidige generasjonar. Men også isbjørnen – for dei som blir mest motivert av den.

Powered by Labrador CMS