MENINGER:

Mangan: Gammelt nytt

Mangan har vært tema i Longyearbyen i mange år.
Publisert

Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Høge og variable konsentrasjonar av mangan i drikkevatnet har vore kjende minst sia Svalbard Samfunnsdrift si tid. Noko stort emne har mangan, sedd bort frå vatnets farge, ikkje vore den gongen - det eg veit. «Kroppen treng mangan, men for mykje er giftig» blei tolka som meir kritisk enn påtenkte lang tids bruk.

De særlege mangan-verdiar er å sjå saman med de hos mangan uvanleg mange fysikalsk moglege elektrisk positive ladningar i høve til aktuelle kjemiske miljø. Nett difor finst fleire mangan-oksider enn til dømes oksider av jarn og aluminium. Difor òg trekkjer mangan-oksid til seg og samlar opp tungmetall, til dømes nikkel som funnen i vatnet vårt.

Mangan-oksider, i samspel med bakteriar, kan vere løyselege og i neste lekk opptre lokalt i store konsentrasjonar. Innfløkte kjemiske, mineralogiske og fysikalske prosessar er relevante, med anna infiltrasjon av vatn i aktive (mellombels tinte) permafrostlag, vatnet i porer og kløfter, bakkens verknad som filter.

Lokalstyret sitt «ikkje drikk vatn frå springen» til ålmenta kan tolkast som akutt åtvaring. Ho kan i så fall bekymre folk som har drukket spring-vatn alt i mange år.

Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne i mot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no. 

Powered by Labrador CMS