LEIAR
Det er håp
Svalbardpostens redaktør, Line Nagell Ylvisåker.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
Mange rista på hovudet over gåva statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kom med til jubileet i august. Åtte millionar kroner var øremerkt Longyearbyen lokalstyre (LL), langt mindre enn det dei trong for ikkje å måtte kutte i tenestetilbod.
Noko av det som kan ryke først er kulturskule og SFO. Dette har ikkje LL plikt til å tilby. Svalbardhallen er allereie stengt for all trening måndagar. Hallen er så proppfull at det i fleire år har vore løfta fram behov for ein ny fleirbrukshall i tillegg. No blir det ikkje turn for ungane, klatring, polarpuls eller anna på måndagar. Symjehallen er stengt torsdagar i tillegg. Morgonsymjingane er det slutt på. Dei enkle, billige tiltaka for å skape bulyst blir plukka bort.
Men kommunikasjonen frå lokale politikarar og andre virka. Longyearbyen nådde Oslo med eit språk som gjorde at dei forstod – i alle fall meir enn før: Longyearbyen er ikkje som andre kommunar.
Justisministeren ringte sjølv Svalbardposten på fredag 29. august for å fortelje at regjeringa har foreslått 15 millionar kroner meir til Longyearbyen statsbudsjettet for neste år. Me ligg altså an til å få 23 friske millionar i staden for åtte.
– Da jeg var i Longyearbyen i midten av august, møtte vi Longyearbyen lokalstyre og Arbeiderpartiets lokallag. De formidlet på en tydelig og nøktern måte hva som trengs for å opprettholde byen som et godt familiesamfunn. Regjeringen har valgt å lytte til dem, og øker altså bevilgningen til Longyearbyen lokalstyre med ytterligere 15 millioner kroner. Nå er det opp til lokalstyret selv å vurdere hvordan pengene skal anvendes til beste for innbyggerne, seier Astri Aas-Hansen til Svalbardposten.
No blir det spennande å følge budsjetthausten. Hallen må vera open kvar dag og yre av liv. Men det er mange store, vanskelege prioriteringar lokalpolitikarane må gjere.
Samstundes med at lokalpolitikarane skal sette budsjettet for neste år, sirkulerer nye reglar om kven som skal ha rett på barnetrygd rundt i departementa. Er det lov å tru at regjeringa har lytta til meir enn dei økonomiske behova? At dei har lytta til Iben Abild, som har skrive kronikk i denne avisa.
Ho skriv at regjeringa tuklar med Svalbard-DNAet. «Regjeringen skaper et klasseskille – som er mer enn uønsket lokalt – hvor barna i Longyearbyen lærer at nasjonalitet er noe man skal skille på, og at det avgjør hvor godt man har det – og bygger et skille mellom «oss og dem».
Me kan håpe at dei tok med seg mykje frå Longyearbyen etter jubileumsbesøket. Men det er fleire jokerar i rommet. Førebels veit me ikkje kven den nye regjeringa vil bestå av. Kanskje blir alle korta kasta på nytt.
Då hjelp det ikkje å spørje: Kva no, Jonas?