Vi kan ikkje vente på ei ulukke før vi reagerer. Vi treng tryggare kryssingar, betre tilrettelegging for mjuke trafikantar, og ikkje minst lågare fart i område der barn ferdast.
Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I etterkant av sakene til Maria Philippa Rossi i Svalbardposten om deifemumistelegesvalbardfolka, sit eg igjen med ei kjensle som er vanskeleg å riste av seg. Ho har minna oss på kor mykje eitt menneske kan bety – og kor djupe spor dei set etter seg i eit lite samfunn som vårt.
Eg var åtte år då eg vart vitne til ei dødsulukke i trafikken. Ein seks år gammal gut mista livet i det han la på sprang over vegen. Vi hadde vore i barnebursdag hos søskenbarnet mitt og skulle vidare ned til bestemora mi. I etterkant vart det gjort store trafikksikringstiltak langs heile strekninga.
Men det vart for seint for han.
Annonse
I dag er eg mor til to gutar: Noah på seks år og Benjamin, som snart fyller seks han òg. Til hausten skal dei sykle saman til skulen frå Gruvedalen. Skulevegen er 1,8 kilometer – omtrent like lang som min eigen var i Balestrand.
Thea er mor til to små gutar. Etter sommarferien skal dei begge sykle til skulen saman.Foto: Privat
Forskjellen? Dei må krysse fleire vegar. Fleire uoversiktlege punkt. Fleire sjansar for at noko kan gå gale.
Eg har sett kva som kan skje.
Nokre år etter den tragiske ulukka stod eg igjen og såg på at eit barn vart påkøyrt av ein bil. Denne gongen var det veslebror min. Han var sju år gammal, sykla over vegen, såg seg for – men ikkje godt nok. Ein bil kom i altfor høg fart gjennom 30-sona rett utanfor huset vårt.
Det var ikkje hans feil. Det var systemet rundt han som svikta.
Annonse
Det gjekk heldigvis fint med bror min Ola. Men det kunne gått heilt annleis.
I dag er det fartsdump der. Tiltak kom – igjen – etterpå.
Kor mange gonger skal det skje før vi handlar i forkant?
For ikkje lenge sidan stoppa eg ein bil som råkøyrde gjennom gata vår i Longyearbyen. Det var ikkje eit eingongstilfelle. Eg vart sint – men eigentleg var eg redd. Redd for at neste gong eg ser den bilen, så er det ikkje eg som stoppar han. Då er det kanskje eit barn som står i vegen. Eit av mine eigne, eller eit av dei nydelege nabobarna.
Eg er ikkje feilfri som sjåfør. Eg har gjort feil eg framleis tenkjer på. Men éin ting sit i kroppen kvar gong eg set meg bak rattet: frykta mi for å køyre på eit barn.
Den frykta burde fleire kjenne litt meir på.
Annonse
For dette handlar ikkje berre om å følgje reglane. Det handlar om haldningar. Om merksemd. Om viljen til å senke farten – sjølv når du har det travelt. Her har vi ikkje ein gong ei ferje å rekke.
Og det handlar om prioriteringar.
Vi kan ikkje vente på ei ulukke før vi reagerer. Vi treng tryggare kryssingar, betre tilrettelegging for mjuke trafikantar, og ikkje minst; lågare fart i område der barn ferdast.
For barna våre kjem til å sykle, springe, ake og gå baklengs. Kanskje til og med slå hjul heim frå turntreninga. Stå på ski – og miste kontrollen over fotgjengarfeltet. Hoppe i feil retning til feil tid frå ein av containerane. Dei kjem til å leike. Dei kjem til å gjere feil.
Det er vi vaksne som ikkje har råd til å gjere dei.
Vi har ingen å miste!
Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne imot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.