KRONIKK:
Gjette eller rekne på levetida av «stetten»
Stetten-formasjonen på Operafjellet hadde framleis godt med snø i morgontimane 23. juni, men har begynt å koma meir tydeleg fram i fjellsida.
Foto: Anja Charlotte Markussen Hansen
Eit av
dei svært så årvisse mønstra i snødekket er fordelinga i høvet til terrenget. Når
snøen smeltar, kjem kvite figurar mot mørkare barmark fram. Den brotne stetten
til eit glas i Operafjellet tolkar folk i Longyearbyen som sommarteikn. Å
varsle datoen når så hender, er stoff for konkurransar, mellom anna i Svalbardposten.
Svaret gjev snøsmeltinga, i summen av tilført
energi.
Stråling
frå sola og på jorda
Alle stoff
stråler, avhengig av sin temperatur. Den gjer sola si stråling ulik frå den
mellom bakken og atmosfæren ved jordiske temperaturar. Rein snø reflekterer (!)
solar stråling, men absorberer (!) den jordiske. Den for auga kvite snøen er
svart i infrarødt.
Smelteferdig våt snø absorberer omlag det halve av motteken
solar energi. Mineralstøv på snøen gjer endå meir om til varme.
Snøen strålar (jordisk) mot atmosfæren. Drivhusgassar og
skyer absorberer denne strålinga. Dei stråler i høve til sin temperatur mot den
absorberende snøen på bakken. Skyfritt gjev mest intens solar innstråling til
snøen, men lite jordisk stråling ned frå atmosfæren.
Sum absorbert solar og
netto jordisk stråling gjev vinst eller tap av varme for snøen.
Varmen
i lufta
Varmen
opptrer i to former: Den eine kjennast på skinnet. Den andre er knytt til
vatnets tilstandar. Varmen til å fordampe er gøymd i dampen, inntil han
fortettast til flytande og varmen atter visast ved eit termometer. Snø kan ikkje bli varmare enn smeltepunktet 0 grader celcius. Trykket av vatn til å fordampe frå smelteferdige snøflata ligg fast. Det
følgjer derav:
Luft varmare
enn snøen gjev varmeflyt til snøen. - Trykket i vasshinna på snøen og trykket
av damp i lufta avgjer kva retning dampen flyt. Er vassdamptrykket i lufta
større enn på snøflata, vil netto damp slå seg ned (kondensere) på snøen. Det hender
påtakeleg ved mildvêr og regn om vinteren. Snø fordampar om damptrykket i
snøflata overgår damptrykket i lufta. Energien dekkjast ved stråling, temperatur-varme
i lufta eller snø som fryser.
Regnvatn
tilfører snøen varme. Nysnø aukar reflektert solar stråling, gjer snøens
levetid lengre. - Sommar-havet rundt Svalbard er tåkelagt. Små skilnadar i lufttrykk
avgjer mellom sol eller grå himmel over land, kjapt eller seindrøg snøsmelting
Dato
for den brotne stetten
I
teorien kan datoen finnast ved å summere energien som blir tilført snøen. Tilbodet,
spreidd over tid, måtte vere kjent. Men så er ikkje tilfellet. Ein kan hjelpe
seg statistisk: Datoane i fortida klynger seg innanfor eit tidsrom. Innanfor
dette kan ein gjette, teken omsyn til snødjupna den vinteren og trenden i den
arktiske oppvarminga.