Skal det humpa og gå, eller skal Svalbard skine?
No er det Oslo sin tur til å levere, skriv redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
Mjukt
hadde tåka pakka Longyearbyen inn før bursdagsfesten. Den rann nedover dei
fuktige fjellsidene då 100-årsmarkeringa starta.
Gjestene
var symboltunge. Kronprinsen, statsministeren og justisministeren såg splittflagget
på Skjæringa bli heist – som for 100 år sidan. Svalbard har vore ein del av
kongeriket Noreg i 100 år. Ein annleis og viktig del.
Det er
symboltungt at både kongeparet, kronprinsparet, statsminister og justisminister
var til stades under jubileumssymposiet Oslo i mai. At kongeparet besøkte
Svalbard i juni, at kongen trassa dårleg vêr og kom seg i land på Bjørnøya for
første gong – godt hjelpt av ein traktor med hengar. Og at denne veka var
kongehuset og regjeringa tungt representert i Longyearbyen igjen.
Statsministeren
og justisministeren prioriterte Svalbard midt i ein travel valkamp. Støre hadde,
slik det høver seg, med ei gåve til Longyearbyen. 35 millionar kroner fordelt
på straumstøtte, Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre. Me kan takke pent
og smile, men det er berre småpengar samanlikna med det som trengs.
Kva no, Jonas?
spurde gruveklubbleiaren etter markeringa ved minnesmerket over dei som har mista livet i norsk gruvedrifts teneste.
For 100
år sidan var gruvearbeidarane viktige for å få i stand flagg, stang og fest. No
ryddar dei bort arbeidsplassen sin. Gruveyrket er utdatert. Det same er
infrastrukturen som gruvebyen Longyearbyen er bygd på. Kulturminne, bygg som
fortel historia om det norske Svalbard, held på å rase saman grunna manglande
vedlikehald.
Dagens bustader,
energi, drikkevatn, rør og rullebane treng fornying - raskt.
Styresmaktene
i Oslo avgjer om Svalbard framover skal skinne mot verda – eller berre humpe og gå.
Longyearbyen
skal vera eit attraktivt familiesamfunn for nordmenn. No går mykje i motsett
retning. I tillegg til å vera ein dyr plass å bu (for dei som ikkje har
statsløn, gratis bustad og bil), kuttar Longyearbyen lokalstyre i bulyst-tiltak
for å spara pengar.
Først
vart symjebassenget stengt ein dag i veka. Frå i haust skal det vera stengt for
offentleg bading i to, melder Longyearbyen lokalstyre denne veka.
Og vil ikkje-norske
familiar miste barnetrygd?
«Its
complicated» song Fiona
Lucille Carubanga (9) til kronprins, ministrar og byråkratar på torget i
Longyearbyen.
Under
festforestillinga i kulturhuset fortalde konferansier Eivind Oldernes Hoem at det
er viktig for ungdommane at vidaregåandetilbodet vil fortsette, og at byen får
behalde den gode kulturskulen. Også dette er kritisk infrastruktur.
Kva betyr
Svalbard når valkampen startar og dei store rollene skal fordelast? Det er
ikkje mange stemmer å hente lokalt i ein så liten befolkning. Vil me likevel
bli prioritert når den neste regjeringa er satt? Kva skal nivået på
Longyearbyen vera?
Svalbardtraktaten
trådde i kraft 14. august for 100 år sidan. Han slår fast at Svalbard er Norsk,
men sikrar også borgarar og selskap frå signaturlanda adgang til øygruppa.
Då splittflagget
vart heist på Skjæringa torsdag, låg det russiske fartøyet «Professor Molchanov»
på Adventfjorden. Det gjorde også den norske kystvakta med paradeflagg. Generaldirektør Ildar Neverov i russiskstatlege Trust Arktikugol og representantar frå den russiskortodokse
kyrkja var på Skjæringa og fekk med seg markeringa. Neverov tok høfleg
assisterande sysselmester Katharina Rise i handa, medan russiske styresmakter trykte på
repeat-knappen. Dei publiserte nok ein gong ei skulding om at Noreg militariserer
Svalbard. Dette blir avvist av Noreg på vanleg måte.
Trump møter Putin i Alaska.
Kva no? spør
me.
Truleg får
me ikkje svar, men må lage vår eigen veg – innanfor rammene styresmaktene gir. Me
får håpe og be om at dei blir sterke og romslege, sjølv om folk i Longyearbyen
er over middels gode på brannslokking og kreative løysingar.
Så må
alle gjere sitt beste for å ta med det viktigaste vidare inn i transformasjonen:
samhaldet, åpenheita, kreativiteten og gleda over å bu i Longyearbyen.
Sjølv om
byen og infrastrukturen skranglar, gjer ikkje byens befolkning det. 100-årsarrangementet
viste krafta i Longyearbyen. Tenk alt det er mogeleg å få til med i overkant av
2.500 innbyggjarar midt i ferietida!
Vel blåst
til Longyearbyen – no er det Oslo sin tur til å levere.