LEIAR:
Stor- og tryggleikspolitikk er igjen ei tydeleg ramme for folk sine liv i Longyearbyen, men ikkje sjølve innhaldet
Nei, me er ikkje redde, men som folk flest uroa for verdssituasjonen, skriv redaktør Line Nagell Ylvisåker denne leiaren.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
– Me treng Grønland av omsyn til nasjonal tryggleik, sa USAs president Donald Trump då 2026 starta.
Også i februar i fjor sa han at han ville ha den danske øya. Svalbardposten vart kontakta av ei rekke medier, både nasjonale og internasjonale.
Var folk på Svalbard redde no?
Nei, ikkje redde, men som folk flest uroa for verdssituasjonen. Svalbard er norsk, øygruppa er ein del av Noreg. Kongen kara seg i land på Bjørnøya og biletet av han bak på ein benk på traktoren «tuk-tuk» blir ikonisk.
No har Trump gått inn i Venezuela, fengsla leiaren og tydeleg vist at han ikkje bryr seg om internasjonale reglar. Kva då med Svalbard no? Kan Putin gå til åtak på oss med same argumentasjon, kan han seie at Russland treng Svalbard grunna nasjonal tryggleik? Vil og kan vår viktigaste allierte støtte oss då? Korleis står det til med Nato?
Sidan fullskalainvasjonen av Ukraina for snart fire år sidan har me stilt oss slike spørsmål. Storpolitikk og tryggleikspolitikk er igjen ei tydeleg ramme for folk sine liv i Longyearbyen, men ikkje sjølve innhaldet.
Kvardagane held fram. Det handlar om vatn, elektrisitet, varme, flyruter, husleiga sitt innhogg på kontoen. Om at ungane har det bra, for dei som har familie. Om vener som drar. Om dei nye som kjem. Om å få gått på nye toppar, sett nordlyset som har gode år no.
2026 blir eit nytt år i ei uroleg verd, men også eit år der mange skal gjera det dei kan for at innbyggjarane i Longyearbyen skal trivast og bli lenger. Folk bidreg raust – leiger bort leiligheiter, bilar og snøskutrar. Dei stiller opp som frivillige i hallen og i alpinbakken, i kulturlivet. Hallen er nesten tilbake til «gamle» opningstider. Lokalstyret vedtok i fjor haust at Longyearbyen lokalstyre skal sjå kva dei kan gjere for å få ned turnoveren i sin organisasjon. Truleg kjem dei med gode råd også til andre. Visit Svalbard har ute ei spørjeundersøking for å finne ut korleis turismen verkar på bulysta og kva grep dei eventuelt bør gjere for lokalbefolkninga.
Det er lokalbefolkningen som er viktigast, kvardagane. Dei skal framleis vera bygde på verdiar som nestekjærleik, rausleik og tillit. Me må snakke kvarandre opp, ikkje ned, som lokalstyreleiar Terje Aunevik seier i sin nyttårskronikk. Me må stå opp for ytringsfridom og demokratiske verdiar. Diskutere oss fram til gode løysingar, ikkje polarisere. Me må ikkje bli likegyldige og akseptere at leiarar som Trump og Putin bryt med demokratiske prinsipp, folkeretten og internasjonale reglar.
Det må me bidra til saman, for det er ein stor jobb. Svalbardposten skal gjere vårt beste for å bidra til demokratisk beredskap og håper mange vil bidra til konstruktiv debatt i året som kjem.